I mars skreiv eg om korleis du kan mata inn variablar for å få det nye IMDb PowerSearch, eller IMDb Advanced Title Search som det no heiter, til å fungera litt betre. Utviklarane hjå IMDb gjer søket betre, sakte men sikkert, men framleis manglar skjemaet eit val om å visa fram resultatsida i ei enkel liste slik som før. Du kan sjølvsagt skriva inn view=simple
kvar gong, men det er endå lettare å fiksa det med eit brukarskript.
Brukarskript er veldig kjekke. Eg har eit som alltid vel den beste kvaliteten på YouTube-videoar for meg, og eit anna som lurar NRK Nett-TV til å tru at Opera faktisk køyrer Silverlight sjølv om det eigentleg er Moonlight. Både Opera og Firefox (i Firefox må du etter det eg forstår ha Greasemonkey-tillegget) har støtte for slikt, og du finn mange brukarskript på Userscripts.org. For å få dei til å fungera i Opera, klikk Verktøy – Innstillingar – Avansert – Innhald – JavaScript-val, og vel mappa der brukarskripta dine ligg (eller, lettare, gå til opera:config#UserPrefs|UserJavaScriptFile, og vel mappa der). Straks det ligg ei .js-fil i den mappa, vil Opera nytta den som eit brukarskript.
Attende til IMDb. Korleis kan me nytta brukarskript for å gjera resultatsida i PowerS… orsak, Advanced Title Search betre? Enkelt, me fortel berre nettlesaren å føya på view=simple
etter resten av variablane. Legg det følgjande i ei .js-fil i brukarskript-mappa di:
// ==UserScript== // @name Enkel resultatliste på IMDb Advanced Title Search // @description Tving ei enkel liste på resultatsida til IMDb Advanced Title Search // @include http://www.imdb.com/search/title?* // @author Simon Hansen // @version 0.1 // ==/UserScript== if (!window.location.search.match(/\bview=simple\b/)) window.location.replace(window.location+"&view=simple"); |
I pseudokode: På alle sider som byrjar med http://www.imdb.com/search/title?: Viss adressa ikkje inneheld view=simple, legg til &view=simple
.